Norsk filminstitutt følgjer
den teknologiske utviklinga tett, og ønskjer å vere
tidleg ute med å ta i bruk ny teknologi for distribusjon av
film til skular og bibliotek, til kino og til heimemarknaden.
Filminstituttet har sidan 2002 satsa målretta
på å byggje opp kompetanse på alle relevante område
knytt til digitaliseringa av filmen, og ønskjer å vere
ein støttespelar for andre aktørar som opererer i
krysningspunktet mellom film- og kinobransjen, tv, web og telekom.
Som ledd i dette arrangerer Norsk filminstitutt seminar, aktivitetar
og arrangement om relaterte tema.
Område der Norsk filminstitutt deltek, nasjonalt
og internasjonalt:
Video on Demand Ip-tv Digital kino Rettar/juridiske
sider Standardisering av format Anti-piracy Ope standard
UNESCO sitt arbeid for informasjonssamfunnet
Mykje av utviklingsarbeidet er prosjektorganisert.
Pågåande og avslutta prosjekt er lista nedanfor. Her
er også nokre relevante lekkjer.
|